Ein del av vår kulturarv
Staulsdrift er ein viktig del av vår kulturarv og frå gamalt av var staulsdrift eller setring ein nødvendigheit for å få nok for til dyra. Den vesle opp-arbeidde jorda heime gjekk mest til korn- dyrking og etter kvart jordeple. Graset til fjells veks dessutan mykje seinare enn i låglandet, inneheld mykje næring og er viktig for smaken og kvaliteten på mjølka.

Tunge tak for budeiene
Det vart nok tunge tak for budeiene som kinna smør, yste ost, koka prim eller fekk friarbesøk, men som oftast gledde dei seg over å reise til fjells eller heiars. Om ikkje anna, vart det eit avbrekk frå dei daglege gjeremåla på garden.

Bra for kulturlandskapet
Til produksjon av ost og prim gjekk det mykje ved, og denne vart hoggen på og rundt staulen. Slik fekk Noreg det kulturlandskapet me ein gong var så kjende for, men som no er i ferd med å gro att mange stader. Omkring krossmess 14. september var staulslivet over, og tussane flutte inn i staulsbua for vinteren.

Her finn du oss:
Gå til kartside

Fører setertradisjonar inn i framtida
Etter krigen har nedgangen i staulsdrift vore stor, og tradisjonane stod i fare for å forsvinne. Nokre få held tradisjonen ved like og vidarefører kunnskapen til neste generasjon. Beitedyr i utmark har stor innverknad på eit opnare landskap og biologisk mangfald. Her finn de ei oversikt over aktive seterbruk og gardar som foredlar mjølka frå geit og kyr til ulike produkt for sal, nokre tek også imot besøk og tilbyr opplevingar og aktivitetar.

Velkomen til fjells!

Budeieveven er eit nettverk for seterdrift og mjølkeforedling i Telemark og Buskerud. Her er både aktive bruk og tilhengjarar medlemmar. Me utvekslar erfaringar, samarbeider om formidling og sal, m.a. på Dyrskun og Mersmak. Her kan du lese om seterdrift og tradisjonar frå gamle dagar og fram til vår tid. Du kan også lese om kvar av medlemmane og kva dei har å by på. Vi ynskjer velkomen til eit møte mellom menneske, husdyr, smak og tradisjon.

Grøset seter Håvardsrud Kråkeroestaulen Nedre Lega Nordbø Gard Nordigard Bjørge Nystaul Selstali Seter Stordalen Gardsbruk Åsen seter